Om Runde Miljøsenter

Runde Forsking driftar forskingsstasjonen.

Besøkssenteret med kafe, arrangement, utstillingar m.m. er drifta av Opplev Runde.

Om Runde Miljøsenter

Kven er vi?

Runde Miljøsenter er ein internasjonal forskingsstasjon for kystøkologi og marin forsking. Vi utfører oppdrag og forsking innan kystøkologi og marint miljø både for det offentlege og for private verksemder. 

Løyvinga frå Statsbudsjettet er grunnleggande viktig for Runde Miljøsenter. Midlane gjer oss i stand til å drive med forsking og formidling på kystøkologi og havøkologi, til å formidle forsking til eit breitt publikum, og til å drifte eit senter med kontorplassar, auditorium, lab, leilegheiter og skiftande utstillingar. 

Vi driv eiga forsking på nasjonalt nivå, i samarbeid med ei rekkje institusjonar, men rolla som knutepunkt for forsking på kystøkologi og andre miljøspørsmål er minst like viktig. 

Forskarar frå heile verda kan jobbe og bu på miljøsenteret, og nytte dei fasilitetane som er tilgjengelege. 

Miljøsenteret har eit besøkssenter med kafe, utstillingar og ulike arrangement. Det er også mogleg å leige lokala til ulike tilstellingar. 

 

Runde Miljøsenter AS er morselskap for
Runde Forsking AS og Opplev Runde AS.

På nettsidene til selskapa kan du finne ut meir om kva som skjer, kva vi gjer, og kva tenester vi leverer.

Runde Forsking driftar forskingsstasjonen.

Opplev Runde driftar besøkssenteret.

 

Styret

  

Styreleiar 

Ragnvald Nærø

Styremedlemer 


Nils-Roar Hareide   


Rune Lorents Garen 

Jack Narve Sæther 

Ingrid Opedal 

Roger Kvalsund 

Randi Karin Asbjørnsen (Varamedlem)

Foto: Per Eide

 

 

Runde Miljøsenter veks fram

Historia vår

Runde Miljøsenter vart etablert som aksjeselskap i 2004. Stiftarane var Greta Garnes, Hans Petter Runde, Nils-Roar Hareide og Lars Golmen. Selskapet sitt formål vart formulert som drift av forskings og miljøsenter retta mot marin forsking, maritimt næringsliv og offentleg forvaltning. 

Tankane om ein felt- eller forskingsstasjon på Runde kom eit par tiår tidlegare, og vart gradvis utvikla til ei konkret plan. Bakgrunnen var den unike lokasjonen til Runde i høve til det marine miljøet, fiskeri og sjøfugl. Regionen var også sterkt underrepresentert når det gjaldt forsking genererelt. På 1990-talet og framover forsvann det fleire offentlege arbeidsplassar frå Runde (fyrstasjonen, losstasjonen, skulen, posten). Det offentlege hadde ingen intensjon om å kompensere for dette. Med dette bakteppet fekk tanken om ein forskingsstasjon god næring.

Miljøsenteret starta verksemda i leigde lokale i den nedlagte butikken på Runde i 2006, med 5-6 tilsette. Dette vart kombinert med drift av vandrarheimen nokre år. Eigedomsselskapet Runde Miljøbygg AS vart stifta i 2006, med formål å få opp eit nytt bygg på Runde. Der bidrog fleire lokale verksemder og Herøy kommune med aksjekapital. Seinare kom både Fylket og Sparebank1 inn i det selskapet.

Tomta i steinbrotet nord for hamna låg brakk og vart funnen eigna for formålet. Andre tomter vart diskutert, m.a. å bygge på «Almenningen» på hamna, men desse alternativa vart lagde vekk. Alle grunneigarane på Runde var samde om å gje frå seg grunn til formålet. 

Bygginga starta i 2007 og hausten 2009 stod nybygget ferdig. Miljøsenteret kunne flytte inn i eit topp moderne og godt utstyrt bygg, der det var lagt vekt på sparing av både energi og vatn.

Fylket kom inn på eigarsida i Runde Miljøsenter og Runde Miljøbygg i 2011. Sparebank1 vart medeigar i Runde Miljøbygg i 2012. Norsk institutt for vannforskning, NIVA, vart leigetakar i 2010. I 2021 vart det etablert ein samarbeidsavtale med Havforskingsinstituttet, med intensjon om utvikling av aktivitet på- og rundt Runde.

Runde Miljøsenter vaks gradvis i to retningar: forsking og publikumsretta aktivitet. Denne todelinga fungerte greitt i byrjinga men etter nokre år vart det vedteke å splitte selskapet i to for å få betre funksjonalitet: Runde Forsking AS, og Opplev Runde AS. Runde Miljøsenter AS held fram som morselskap, og Runde Miljøbygg AS er uendra.