Geologi

 

I natur og geografi skil Runde seg ut frå dei andre øyane på Sunnmøre. Det vert gjerne hevda at Runde minner meir om færøysk landskap. Den svenske professoren Du Rietz sa: ”Jag tror aldrig att jag har sett en mera interessant ö någonstans vid norska västkusten. Sannoligt er den mera lik Färöerna än någon annan del av Skandinavien.”

Foto: Ukjent

Foto: Ukjent

Mot sørvest stuper dei nærast loddrette fjellsidene rett i havet. På denne sida finn vi fuglefjellet, og det er nettopp denne karakteristiske formasjonen som gjer Runde til ein attraktiv hekkeplass for sjøfugl. I dei bratte og frodige grasbakkane har titusenvis av ludefuglar grave ut reirholene sine, og i steinklippane finn ein mellom anna havsulekolonien med rundt 4000 hekkande par.

Foto: Olav Runde

Foto: Olav Runde

Nedanfor fuglefjellet finn vi dei karakteristiske steinstolpane som er med på å gi Runde den dramatiske naturen øya er kjend for. Også desse formasjonane minner om landskapet ein finn på øyane lenger vest i havet, og slike steinstolpar er svært sjeldne i Noreg.

Foto: Marie Runde

Foto: Marie Runde


Foto: Olav Runde

Foto: Olav Runde

Hòler finn ein fleire av, også på vestsida. Brandahòla er den største av dei, og her kan ein gå inn med båt – viss vêret tillèt det. Hòla er 60 meter djup. Mellom Brandahòla og Kvalneset finn ein mange små og store hòler. Den mest spesielle er likevel Krykkjehola på sørvestsida av Kvalneset. Undersøkingar tyder nemleg på at denne hola går i ein tunell under Kvalneset og kjem ut igjen på nordvestsida!

Søraustsida av øya har eit heilt annleis landskap. Her finn vi flate markar, og tidlegare var Runde-garden rekna som den beste og mest lettdrivne i heile Herøy kommen. Den gode jorda er truleg kome der på grunn av ei brearm som i si tid låg mellom Runde og Remøy.

Også garden Goksøyr i nord byd på frodig grasmark, men her går markane raskt over i eit brattare terreng. Dei eirgrøne markane går langt oppover bakkane og styrkar likskapen med det færøyske landskapet. Grasbakkane går over til lyngheier som strekkjer seg heilt fram til den stupbratte kanten i sørvest.

Tekst: Marie Runde

 

 

Litt om bergartane ein finn på Runde:

Berggrunnen på Runde består for det meste av gneis, og i hovudsak kvartsdiorittisk til granittisk gneis. Dette er nokså harde bergartar som forvitrar seint og gir eit sparsamt og noko surt jordsmonn. I eit slikt jordsmonn får vi ein vegetasjon som er tilpassa relativt næringsfattige forhold. Mange stadar finn ein migmatittisk gneis og augegneis.
Høgslettene på fjellplatået ligg fleire stader på grus, og studie av stein har vist at dei truleg er strandslipte, og er ført av isbrear og avsette i morenar. Mineral og bergartar på Runde: raud granat, grøn pyroksen (kramdiopsid), eklogitt, skifer, glimmer, flint, gabbro, pimpestein, kvarts, reint marmor og grøn kalkstein.

Referanse: ”Forvaltningsplan for Runde og Grasøyane fuglefredingsområde Goksøyrmyrane naturreservat Herøy og Ulstein kommunar”, Rapport 2013:04.