Lunde

 

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

 

Lunden hekkar langs kystane i Nord-Atlanterhavet. I Noreg hekkar den frå Vestlandet og nordover. Også lunden er ein kolonifugl, og reiret finn ein i hol i grasbakkar eller i steinurer.

Det eine egget vert lagt i siste halvdel av mai eller byrjinga av juni, og ungen vert mata med småfisk. Lunden har taggar i overnebbet, og dette gjer at den kan frakte mange fiskar på ein gong.

Den beste tida for å sjå lunden på nært hald på Runde, er i hekketida (ultimo april – primo august)