Havsule

Havsule

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

Havsula hekkar langs austkysten av Canada, på Island og langs vestkysten av Europa sør til Frankrike.

Havsula vart første gongen konstatert hekkande på Runde i 1946, og dette var lenge den einaste hekkeplassen her i landet. No finn ein havsule hekkande enkelte stadar i Nord-Noreg også, men kolonien på Runde er utan tvil den største, og tel no omlag 3500 par.