Fuglefjellet

På Runde finn ein det tredje største fuglefjellet i Noreg, og før nedgangen i sjøfuglførekomstane i Noreg tok til å gjere seg gjeldande, var der over 150000 par sjøfuglar. I fuglefjellet på vestsida av øya finn vi alle fuglefjellsartane som hekkar i Noreg.