Botanikk

 

Klimaet på Runde er typisk oseanisk med milde vintrar og kjølige somrar. Nedbøren om vinteren kjem mest som regn, og på grunn av milde vintrar vert vekstsesongen forholdsvis lang. Terrenget på Runde er vekslande, og ein finn såleis sjeldan samanhengande gradientar frå fuktig til tørrare vegetasjon. Vegetasjonen er hovudsakleg samansett av lynghei, myr, terrengdekkjande myr og grashei som står i mosaikk. Dei dominerande vegetasjonstypane er svært homogene med relativt få artar.

Store delar av vegetasjonen på Runde er karakterisert av eit sterkt innslag av beitetolerante planter og lyskrevjande artar av gras og urter. Det er også eit større innslag av oseaniske artar slik som purpurlyng, havburkne (nær truga), hinnebregne, fagerperikum, heifrytle, heistarr, kusymre og heisiv.

Vegetasjonstypane på platået og høgdedraga er hovudsakleg lynghei og terrengdekkjande myr. Dei vanlegaste artane i lyngheiene på Runde utanom røsslyng er tepperot, smyle, geitsvingel, skogstjerne, heisiv, krekling, bjønnskjegg og gulaks. I klippene og skråningane rundt fuglefjellet finn vi meir næringsrik grasvegetasjon på grunn av gjødslinga frå fuglane.

Jonsokblome. Foto: Marie Runde

Jonsokblom Foto: Marie Runde

I Goksøyrmyrane naturreservat dominerer terrengdekkjande myr. Av interessante suboseaniske artar kan nemnast heiblåfjør, loppestarr og grønnstarr. Elles dominerer duskull store areal, særleg i dei nedste delane. Ei rekke artar som vanlegvis ikkje veks på myrar med tjukk torv går inn, som til dømes geitsvingel, skogfrytle og vanlege artar av finnskjegg. På tynn torv er også skrubbær, heisiv, stivstarr og engfrytle. Bjønnskjegg-torvull-samfunn dominerer store areal der lyngartar finst.

Myrull. Foto: Marie Runde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne teksta er ein noko forkorta versjon av det som står i «Runde og Grasøyane fuglefredingsområde, Goksøymyrane naturreservat, Herøy og Ulstein kommunar» frå Fykesmannen i Møre og Romsdal.