Lag og foreningar

 

Runde Kvinne- og familielag

Husmorlaget er det gamle og det mest brukte namnet på laget. Laget på øya arbeider mest med saker som kan gjere det triveleg å bu på Runde, men er knytta til det nasjonale laget.

Arbeidet nasjonalt er viktig. Norges Kvinne- og familielag er høyringsinstans i saker som har med familie, kvinner og born å gjere. Dei arbeider også for å påverke styresmaktene til å legge til rette for born, barnefamiliar, eldre og hjelpetrengande i landet vårt.

Leiar: Randi Goksøyr

 

Runde grendalag

Grendalaget arbeider for små og store saker på Runde. Laget arrangerer ein del sosiale tilstellingar gjennom året, og laget har dessutan ansvar for grendahuset (gamleskulen).

Leiar: Marie Runde

 

Runde småbåtlag

Dette er det eldste småbåtlaget. Laget eig flytebryggjene som ligg parallellt med kaia. For å kjøpe ein båtplass her, må ein bu på øya.

Leiar: Asbjørn Goksøyr

 

Runde Bryggjelag

logo

Den lange flytebryggja på hamna tilhøyrer dei 30 medlemmane i Runde bryggjelag. Der er 37 plassar av varierande storleik. Plassane på innsida, mot land, består av 5 m lange utriggarar med breidde omlag 3 meter. På den andre sida er det større båsar, med ein breidde på 3,5 – 4 meter eller større. Der er 4 postar for straumuttak på bryggja, samt uttak for medlemmane i skap på Lisjekaia. Ferskvatn frå to slangepostar på bryggja. Der er namneskilt med telefonnummer på alle båsane, og plassar kan leigast ved å avtale med eigar.

Laget har planer om å byggje ei sjøbud på hamna ved slippen. Part i buda vil kunne kjøpast/leigast også av andre enn medlemmane i laget.

Ved spørsmål om kjøp av plass på flytebryggja, eller om sjøbuda, ta kontakt med formannen.

Leiar: Lars Gunder Golmen
Telefon: 47890957, e-post: lars.golmen(#)niva.no

Foto: Lars Gunder Golmen

Foto: Lars Gunder Golmen