Korleis kjem ein seg til Runde?

 

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Storhavet er næraste nabo. Øya har fastlandssamband via fleire bruer og ein undersjøisk tunnell til Ørsta/Volda. Elles er fylkesveg 61 med ferje Sulesund – Hareid ein viktig innfallsport til øyriket. Fylkesveg 61 frå sør, med ferjesamband Koparnes – Årvik, går også til Herøy. Ein kan altså kome seg til Runde heile året med offentleg transport, eigen bil eller båt.

Buss

Mandag til fredag kan du kome deg til Runde med buss (i kombinasjon med med hurtigbåt frå Ålesund eller ferje frå Sulesund).

Nettside: www.nettbuss.no
Rute nr.145 Oslo – Gardermoen – Otta – Stryn – Volda – Fosnavåg
Rutene finn du her.

Rute Nr. 15-166 Fosnavåg – Nærøy – Remøy – Runde
Rutene finn du her.

Alternativt kan du bruke eigen eller leigd bil. Ta kontakt med Trafikanten på tlf. 177 om du er i Møre og Romsdal fylke (+47 71 58 78 00 om du er utanfor fylket) for å finne ei rute som passar for deg.
Meir informasjon finn du her.

Rutebok for Norge gir også god og nyttig informasjon og har i tillegg ein del informasjon på engelsk:
www.rutebok.no

Ferje

Ferjeselskap og -ruter i området:

Drosje

Herøy taxisentral

Hurtigruten

Hurtigruten stoppar i Torvik, 20 km frå Runde. Derifrå må ein eventuelt nytte drosje.

Bil

Med eigen bil køyrer ein fylkesveg 61 mot Fosnavåg og tek av i retning Runde på Nærøya (skilta).

Fly

Frå Ålesund lufthavn Vigra køyrer ein i retning Ålesund, tek av mot Sulesund og tek ferje derifrå til Hareid. Vidare køyrer ein fylkesveg 61 i retning Fosnavåg og Runde. Flybussen går til Ålesund sentrum der hurtigbåten til Hareid legg til.

Frå Ørsta-Volda lufthavn Hovden køyrer ein på under ein time via Eiksund-sambandet til Runde. Der er automatisk bomstasjon.

Gjestebrygge

Sjøfarande finn gjestebryggje på Runde hamn. Der er straum, vatn og avfallskonteinar.
Døgnavgift 150 kroner og stoppavgift 50 kroner. Kontantbetaling skjer i lukka konvolutt med namn, adresse og telefonnummer. Legg konvolutten i brevsprekken i skuret ved landgangen.
Runde Miljøsenter har offentleg dusj og toalett.

 

Runde har ikkje eigen butikk. Kiosken på Goksøyr Camping har
ein del daglegvarer, men for større innkjøp må ein til Fosnavåg.