Runde fyr

Fyret vart starta i 1767, og var det femte fyret i Noreg. Det var då i privat eige. Det var byfuten i Kristiansund, Peder Frederik Koren, som hadde fått løyve av kongen til å etablere dette fyret. I starten var det ei kolgryte som ein heldt fyr i. Denne låg høgare oppe i terrenget enn dei som kom seinare. Då staten tok over i 1826 vart fyret bygd om til eit innebygd kolblussfyr. Dette vart seinare, i 1858, erstatta av eit høgt støypejarnstårn. Kolblussfyret vart då slekt, og dette var truleg det nest siste av dette slaget i Europa.

I 1910 vart det sett opp ei større lykt på støypejarnstårnet. Denne vart seinare, i 1935, flytt over på eit betongtårn som vart sett opp der fyret no står, og fyret var no elektrifisert. I 1981 vart fyret autmatisert, og i 2002 avbemanna.

Frå 2003 har fyrmeisterbustaden vorte leigd av Ålesund og Sunnmøre turistforening som sjølvbeteningshytte.

Kjelde: Wkipedia