Kvernhusa

Foto: Rolf Huus

Foto: Rolf Huus

Goksøyrelva vart også kalla Kvennhuselva. Forklaringa er lett å sjå. Når vi strevar oss oppover brattbakken langs elva, passerer vi to kvernhus, dei attståande av sju. Enno er det greitt å sjå kor dei låg på rekkje og rad oppover.

Kvernhusa er prega av alder og år. Dei står nærast som ei attegløyme frå ei tid då det var viktig å gjere mest mogeleg sjølv, men dei representerer også ein fleire hundre års tradisjon i norsk historie. Tenk for ein revolusjon det var å få sleppe å male kornet med handemakt! Goksøyrelva har vore ein viktig ressurs. I dag renn ho ubrukt frå vatn til sjø. Likevel kan ho gjere god nytte for seg ved å knyte samband med fortida.

På biletet ser vi kverna til bnr 1, Ola-kverna.

Skrive av: Rolf Huus