Ein fjelltur på Runde frå Goksøyra kan også verte eit møte med nær fortid – like før vegvisaren som peikar mot fuglefjellet og andre turmål, vil du til venstre sjå eit støypt fundament over Goksøyrelva. Her stod kraftstasjonen til Goksøyr Elektrisitetsverk (1926 – 1954). Vatnet som dreiv Peltonturbinen kom frå Lisjevatnet gjennom nedgravne trerøyr langs elva.

Fylgjer vi elvefaret oppover, kjem vi til demninga over vatnet med restar av damluka. Begge demningane vart bygde opp av stein og plastra med torv, alt henta frå næraste omland og med handemakt. Trass i ærverdig alder, bakover til 1930-åra, ligg dei framleis støtt og synlege og fortel oss om eit viktig innslag i bygdesamfunnet.

 

Tekst og foto: Rolf Huus

Restar av demninga over Lisjevatnet. Inne i betongklossen var det ei steme (= luke) til å opne og stengje for vatnet. Ovanfor Lisjevatnet ligg Storevatnet, også med demning tvers over.
Demninga over Storevatnet var gjort litt lægre i eine enden (til høgre) for å sikre seg mot flaum!