Historisk om Runde

Lokalhistoria reknar at det har vore busetnad i Herøy frå bronsealderen. Rundenamnet er truleg avleidd av forma ”Hrund” (gamalnorsk). Goksøyr tyder kanskje Gauksøyr, eller har med mannsnamnet Gauk å gjere. Stadnamn sett saman med personnamn, er ofte frå vikingtida. Eit anna gammalt stadnamn her, er ”Frøystolen”-Frøyas stol.

Bergens museum har grave ut ei hustuft på øya. Der var t.d. kokekar av leire. Funnet blir rekna frå merovingertida.

Giskegodset hadde både Rundegarden og Goksøyrgarden frå 1155 til 1582. Då tok kongen over eigedomsretten. Sjølveigarar vart folket først lenge etter.

Salsvarer frå landsdelen i gamal tid var kjøt, skinn, dun og fjør. Sokneprest Hans Strøm fortalde at Rundefolket fanga sel og fugl i mengder.

På Runde stod alle husa i ei klynge nede på ”Sanden”, litt sør for dei gamle båtnausta. Sjøen flødde av og til inn i husa så folk måtte ut.

17. januar 1864 brann alle husa der ned, unntatt eitt, som står den dag i dag. Nye hus vart bygde ”oppi garda”, som folk sa, nærare fjellfoten, men meir spreidt.

I Goksøyra stod husa i ei klynge ved Kvernhuselva, attmed foten av bakkane.

I 1801-1815 døydde uvanleg mange i Herøy p.g.a. mislukka kornavling og matmangel. Fangst av alke, lomvi og lunde var attåtnæring for Runde. Fugleegg samla folk heilt fram til etter krigen.

Folk hadde forskjellige husdyr som kyr, sauer, geiter, høns, grisar og hestar.

Kvar gard hadde sin torvteig og sin tarebrenningsteig som var merkt med kryss i berget.

På Runde var også fiskemottak og tarefabrikk (nedlagd i 2012?).

Referanse:
Målfrid Seljeflot Runde ”Om Runde. Fugleøy og meir”.