Runde Grendahus

Runde grendahusRunde Grendahus er tidlegare Runde skule.
Skulen vart bygd i 1899 og vart nedlagd i 2001.
Bygda overtok huset frå kommunen. Det meste av inventaret som var typisk for ein skule vart fjerna, og huset vart innreidd med meir høvelege møblar. Det meste er ting som vart donerte til huset, og slik har det vorte ein miks av ulike stilar. Huset inneheld no det meste av det som trengst for å fungere som grendahus. Styret i Runde grendalag  fungerer også som styre for huset. Vi bruker huset til ulike arrangement i bygda.

Utleige

Huset kan leigast ut til selskap, kurs, utstillingar og arrangement av ulike slag.

I hovudetasjen er kjøken med vanleg komfyr, vanleg oppvaskmaskin, to kjøleskap, kaffitraktarar og vasskokar. Der er middagsservise til ca. 60 personar og kaffiservise til ca. 80 personar.

I same høgda er det to store rom. Det eine er innreidd med salongar og har plass til ca. 20 personar. Det andre kan brukast til føredrag eller lagast til med ein del spisebord. Her er ei tradisjonell tavle. Det er også eit toalettrom med wc og dusj i denne høgda.

I underetasjen er det ei toalettavdeling for damer og ei for herrar. Den tidlegare gymnastikksalen kan det dekkjast på til ca. 60 personar. Her er projektor og lerret. Viss nokon har interesse av det, så er ein del av ribbeveggen der framleis. I gangen utanfor salen er der ein liten kjøkenbenk med vatn og straum.

Leigesatsar:
All utleige gir tilgang til kjøkenet.
Hovudetasjen: 500 kr. pr. rom pr. døgn
Underetasjen: 700 kr. pr. døgn
Heile huset: 1700 kr. pr. døgn
5000 kr. pr. veke

Vask ved utleige: Ein kan vaske sjølv eller avtale vask med kontaktpersonen. Leigd vaskehjelp kostar 100 kr. pr. time eller 500 kr. for vask av heile huset.

Runde grendahus deler parkeringsplass med Runde bedehus. Plassen ligg mellom dei to husa, og der er oftast god plass. Ved spesielle høve kan ein også nytte plassar ved hovudvegen og ned mot hamna.

Kontaktperson, Kari-Mette Runde Eide:
Tlf.: 47078525
e-post: kari-mr@online.no