Turistar i Lundeura Foto: Marie runde

Reklame

Olav Runde Runde Grendalag

No har Visit Ålesund laga ein ny reklamefilm om Runde. Her får vi sjå litt av det Runde har å by på. I tillegg til Runde Miljøsenter (som vi ser på filmen) vil vi nemne Goksøyr Camping for dei som ser etter overnattingstilbod. Og om du skulle lure… dei går ikkje heilt til fuglefjellet, men dei er på veg dit! …

dav

Hus til sals

Olav Runde Runde Grendalag

Eine delen av tomannsbustaden på Runde er til sals. Her kan du få eit kjekt og nyoppussa hus i eit triveleg nabolag! Sjå finn-annonse her.    

Foto: Hallgeir B. Skjelstad

Ta omsyn til fuglane i hekketida

Olav Runde Runde Grendalag

Vi har mellom 29 og 55 millionar par hekkande fugl her i landet. 57 fugleartar, om lag 22 % av hekkefuglane våre, er i tilbakegang, og for nokre er denne nedgangen veldig stor. For å ta vare på dette mangfaldet, er det svært viktig at fuglane ikkje vert uroa i hekketida. Fuglefotografering har vorte ein populær hobby. Vis ekstra stor …

Runde blandakor

«Syng med oss»

Olav Runde Runde Grendalag

26. april arrangerer Runde blandakor og Runde mannskor «Syng med oss» på Runde bedehus. Dette plar vere svært populære tilstellingar – ofte med stappfullt bedehus! Denne gongen vil koret ha eit særleg fokus på tekstar og songar etter Bjarne Rabben. Det vert dessutan loddsal og mykje god mat. Alle er hjarteleg velkomne!

Runde fyr

Liv Tjervåg Runde Runde Grendalag

Runde fyr vart starta i 1767, og vart då det femte fyret i Noreg.

Styret i Runde Grendalag

Grendalaget får nettportal

Oddmar Remøy Nyheiter, Runde Grendalag

Denne helga har styret i grendalaget arbeidd med ei ny heimeside for øya vår. Her vil det etterkvart vere mykje å lese og sjå for alle som er interesserte i det som skjer her ute i havgapet. Det vil i første omgang bli lagt ut artiklar om mange forskjellige emne, mellom anna nyheiter, historie og informasjon frå grendalaget. Formann Olav ...