Å bu på Runde

 

På Runde bur det om lag 100 personar. Innbyggjartalet har halde seg stabilt i fleire år. Her er folk i alle aldersgrupper, og vi tek gjerne imot fleire – både tilflyttarar og tilbakeflyttarar. Velkomne!

Borna på Runde høyrer til den flotte, nybygde Einedalen skule (opna i 2010). Her går dei saman med born frå Remøya og Bølandet.

I Fosnavåg, om lag 15 minutt unna, finn ein alt ein treng innan daglegvarer, og elles eit godt utval av andre butikkar òg. Her finn ein også rådhus og andre offentlege tenester, legesenter, tannlegesenter, badeland, bibliotek, konserthus, kino og ikkje minst mange av arbeidsplassane i kommunen.

Det går buss til og frå Runde fleire gonger per dag. I skuleferiane går det buss to gonger per dag. Bussrutene finn du her.

Stundom er det hus til sals på Runde, men her må nesten den einskilde fylgje med på finn.no og liknande sider. I skrivande stund er det eitt hus til sals her. For tida er det éi ledig tomt på Runde. Vi håper og arbeider for at det skal verte fleire!