Runde bedehus

 

Samlingspunkt på øya

Alle som bur på øya eig huset i lag.Bedehuset vart bygd som eit felles prosjekt blant bygdafolket i 1921. Det var allmenn oppslutning om å bygge bedehuset. Men folk hadde eigentleg ikkje så mykje meir pengar å rutte med enn det dei trengde sjølve. Men det vart samla inn pengar på svært fantasifulle måtar blant folket. Nokre hadde t.d. eigne fiskegarn der fortenesta skulle gå til huset. Dei første åra sleit dei med finansane. Men tidene har endra seg og det har gått betre etter kvart. Huset har vorte endra og bygd på i fleire omgangar.
No har huset nytt sanitæranlegg. Det har kome ny oppvaskmaskin og kaffikokar. Kjøkenet er utstyrt slik at ein kan ha arrangement med vel 100 personar til stades.

Kva skjer på bedehuset?

Vi brukar huset i glede og sorg. Dei fleste har stor omsorg for huset og hjelper til med dugnad for å drive det og halde det ved like. Dei to basarane vi har kvart år for å samle inn pengar til huset, brukar å gi svært godt resultat.

Kvar onsdag har Runde Blandakor øvingar på bedehuset. Som eit apropos her kan det nemnast at huset har ein svært god akustikk.
Vi brukar huset til 17.maifest og til den tradisjonelle juletrefesten 2. juledag.
Elles vert det arrangert basarar, haustfest, adventsfest, «Syng med oss», konsertar og liknande.
Gravferdsseremoniane vert haldne på bedehuset, og mange vel å ha minnesamvær i matsalen etterpå.

Utleige

Kontaktperson: Hilda Pareliussen tlf.: 41923247
e-post: hilda.pareliussen@gmail.com

Matsalen og kjøkenet vert utleigde til konfirmasjonar, gebursdagsselskap, kurs m. m.

Matsalen har plass til 104 personar når ein dekkjer langbord.
Viss ein ynskjer at folk sit ved småbord, er det plass til færre alt etter kva ein elles vil ha i romet.

Kjøkenet er utstyrt med middagsservise, kaffeservise og bestikk til vel 100 personar.
Der er også ein del bollar i ulike storleikar, ein del serveringsfat og kakevasar.
Kakespadar er der rikeleg av og også nokre salatbestikk og kompottskeier.
Elles er der anna vanleg kjøkenutstyr.

Leigesatsar:
Matsalen med kjøken  1000,00 kr.
Salen oppe                   1000.00 kr.

Vask ved utleige: Den som leiger huset syter for vasking.

Runde bedehus deler parkeringsplass med Runde grendahus. Plassen ligg mellom dei to husa, og der er oftast god plass. Ved spesielle høve kan ein også nytte plassar ved hovudvegen og ned mot hamna.