Aktivitetar

 

Fotturar

Sjølv om øya er berre 6,4 kvadratkilometer, kan ein velje mellom mange interessante fotturar. Dei fleste har utgangspunkt i Goksøyr, men ein kan også følgje grusvegen frå fylkesvegen mot Måganeset og så gå opp Trepet. Det er sett opp karttavler med informasjon og oversikt over stiane både i Goksøyra og ved starten av Trepet. Dessutan kan ein alltid få informasjon ved dei ulike overnattingsstadane på øya. Vêret kan tidvis vere ei utfordring, særleg om vinteren. Ta aldri sjansar, spør lokale til råds!

Runde er Noregs tredje største fuglefjell. Det er oppretta tre fuglefredingsområde med ferdselsforbod 15.05. til 31.08. I tillegg kjem Goksøyrmyrane naturreservat, jfr. kart. I alle områda er fuglar og dyr freda mot skade og øydelegging. Det same gjeld vegetasjonen. På heile resten av øya med tilgrensande sjøområde er alle fuglar og pattedyr, med unntak av mink, freda mot jakt, fangst, skade eller øydelegging. Men fuglefredingsområda er stort sett bratte og lite tilgjengelege,

og stiane ligg gjerne langs kanten av fredingsområda, så fredinga er ikkje til hinder for å kunne nyte naturen i fulle drag! Området rundt Runde fyr og stien dit ligg utanfor fredingsområda. Det same gjeld aktuelle løyper opp til Varden, som er det høgste punktet på øya med sine 333 meter over havet.

Turistar i Lundeura Foto: Marie runde

Turistar i Lundeura Foto: Marie Runde

 

 

 

 

 

 
Båttur rundt Runde

Ein båttur frå Runde hamn til fuglefjellet er ei stor oppleving. Turen tek om lag to timar. Her får du sjå mange ulike fugleartar, og spesielt populær er lundefuglen. I august går båtane også til selkoloniar nær Grasøyane, viss vêret tillet det.

Start: Runde hamn
Tider: 01.05 – 31.08. dagleg kl. 11.00, 13.00 og 16.00 eller etter behov. Vêravhengig.
Prisar: vaksne 250 kroner, born under 12 år 150 kroner.
Kontakt: Goksøyr Camping +47 70085905 / Johan Moltu +47 915 68 576 («Aquila»),  Bjørn Gustavsen +47 930 24 210 («Rundø»),

Bjørn Gustavsen tilbyr også fisketurar til 800 kroner per time.

For andre tilbod enn guiding med Johan Moltu, må du kontakte Goksøyr Camping.

Båttur Foto: Marie Runde

Båttur Foto: Marie Runde

 

 

 

 

 

 

Dykking

Kontakt Herøy Dykkerklubb
Nettside: www.heroydk.no, tlf. +47 95839667,